Velkommen til NRRL

Siden 1928 har Norsk Radio Relæ Liga (NRRL) vært radioamatørenes organisasjon i Norge. Vi arbeider med å styrke samarbeidet og vennskapet mellom radioamatørene og å høyne det faglige nivået. Vi jobber også med å gjøre amatørradio kjent og ivareta radioamatørenes interesser overfor myndighetene.

Læreboka er klar!

Handbok2014
 
 
Det er ei stor glede å melde at den nye læreboka ”Veien til internasjonal radioamatørlisens” er klar for levering. Etter ein svært travel vår både for redaktøren og trykkeriet, vil boka bli levert NRRL tysdag 24. juni, og vil då straks vere klar for utsending. Det er allereie no høve til å tinge boka i NRRL sin nettbutikk, så ”løp og kjøp”!
 
Den nye læreboka har teke utgongspunkt i ei tilsvarande lærebok frå Radio Society of Great Britain (RSGB). Boka er et dugnadsprosjekt der medlemer av Bergensgruppen og gode amatørvener har omsett, modernisert og omarbeidd stoffet til norske tilhøve. Boka følgjer pensumkrava i radioamatørforskriften. 
 
Boka kan nok verte oppfatta som meir omfattande enn den førre læreboka, men det skuldast først og fremst at pensumet omfattar litt meir enn før. Nokre stader har vi også teke med litt meir enn pensum, for å gjere stoffet litt enklare å forstå for dei som ikkje allereie har en viss teknisk bakgrunn. 
 
Etter kvart kjem det både undervisningsmateriell og ulike hjelpemiddel som er tilpassa den nye boka. Det kjem også nye og oppdaterte spørsmål til lisensprøva. 
 
Sjølv om vi har gjort mykje for at boka skal bli god, er vi heilt sikre på at dette ikkje er den feilfrie og perfekte læreboka. Vi tek derfor svært gjerne i mot rettingar og forslag til forbetringar til ei seinare utgåve.
 
Som redaktør og prosjektleiar håpar eg boka vert eit nyttig verkty både for kursdeltakarar, kursleiarar og dei som vil studere på eigen hand. Eg håpar også at boka kan inspirere til nye kurs der det er ei stund sidan sist. Til slutt vil eg takke RSGB for å gje oss retten til omsetje boka til norsk, og ikkje minst vil eg takke alle dei som har vore med på dugnaden for den gode innsatsen. 
 
Hjarteleg lukke til med lesing, kursing og lisens til mange nye radioamatørar.
 

73 de LA6VQ Frode Igland

Prosjektleiar og redaktør
 
Bli medlem
Medlemsfordeler
Nettbutikk
Logg inn
Grupper
Interesseområder
Om NRRL
Kontakt oss