YOTA - Youngsters On The Air 2017

YOTA, Youngsters On The Air er ei årleg samling i IARU region 1 der unge radioamatørar frå heile Europa, og nokre utanfrå, samlar seg for å drive med amatørradio saman. NRRL sin ungdomskoordinator deltok på samlinga, og her er rapporten hans.

DAG 1

No har YOTA, Youngsters On The Air, 2017 starta i London. Det er ei årleg samling i IARU region 1 der unge radioamatørar frå heile Europa, og nokre utanfrå, samlar seg for å drive med amatørradio saman! YOTA hadde si fyrste samling i 2011 og i år er det mellom 70 og 80 deltakarar frå over 20 land. Her er både Norge og Sverige, men òg Sør-Afrika og Japan til stades.

Vi starta for fullt på sundag. Etter å ha blitt delt opp, byrja vår gruppe med aktiviteten SOTA 1. Mange har nok høyrd om eller kjenner nokon som tek med seg radioen sin opp på ein fjelltopp for å køyre Summits On The Air. Hjå oss var eit far og dotter-par som fortalde oss mykje om deira erfaringar og gav oss tips og inspirasjon. Etterpå bygde vi ei portabel antenne for 17-metersbåndet.
Etter lunsj var det tid for "Kit building". Her fekk vi prøve oss på å lodde saman ein CW-transceiver for 17-metersbåndet, som nok passar perfekt saman med SOTA-antenna! Vi fekk god hjelp av erfarne radiobyggarar, og sjølv om dei fleste ikkje vart ferdige fekk vi lovnad om å kunne koma attende seinare.

Om kvelden var det klart for interkulturell kveld. Dette er nok ein av dei best likte aktivitetane i løpet av YOTA. Alle land hadde med seg mat og drikke frå heimlandet, frå Noreg naturleg lompe med brunost, os vi kosa oss heile kvelden saman. Her var det noko for einkvar smak, og mange trivelege og interesserte folk å kunne prate med.

20170819 yota2017 DSC 5117

Majdi frå Tunisia er konsentrert om antennebygging. Foto: LB4IH Trond

 

20170819 yota2017 DSC 5122

Den ferdige, samanpakka SOTA-antenna. Foto: LB4IH Trond

 

20170819 yota2017 DSC 5126

Interkulturell kveld. Foto: LB4IH Trond

 

DAG 2

YOTA 2017 er framleis i fullt køyr. På måndag hadde vi i Hertz-gruppa tur til London sentrum. Vi hadde ein interessant omvisning i byen før turen gjekk til London Science museum.

Her fekk vi sett alt mogleg - frå dampmaskinar til framtidsvisjonar. Mange lurte nok på kvifor ei gruppe ungdommar gjekk rundt med handheldte radioar i beltet.

Om kvelden var det rebusløp med skattejakt. Spørsmåla varierte veldig, frå lett til heilt umogleg. Moro hadde vi det no uansett.

20170819 yota2017 DSC 5116

Interessant tur til London Science Museum. Foto: LB4IH Trond

 

DAG 3

Den tredje dagen på YOTA starta på engelsk vis – med regnvêr.

Føremiddagsaktivitet i dag var førebuing til å ta den engelske Foundation License. Alle deltakarar har fått tilbodet om å ta denne engelske nybyrjarlisensen. I motsetning til den norske lisensen må ein her vise at ein kan noko praktisk òg. For Foundation License vil det mellom anna seia å ha éin QSO på VHF FM, éin på SSB, og å kunne kople ein radio til straumforsyning og antenne – greie sakar.

Om ettermiddagen var det vår tur til å køyre frå YOTA-stasjonen, GB17YOTA. Ein merkar at folk har ulike interesser innanfor radio her: nokre køyrer morse på HF og får mange kontaktar – andre driv med digitale modi på 6-meter og skrapar i hop nokre få. Særleg tyskarane prøver å få kontaktar på så mange ulike digimodi som mogleg. Vi fekk òg lære om amatørsatellittane, som var ei god førebuing til det som skulle skje om kvelden – ein QSO med den internasjonale romstasjonen ISS.

Klokka halv sju var alle klare og på plass. Alt var førebudd ned til minste detalj for at nokre av deltakarane på YOTA skulle få stille spørsmål til Pablo på ISS. Han skulle bruke ein 5-watts radio i den amerikanske delen av stasjonen og bli filma med HamTV. Etter mykje spent venting og førebuing fekk vi endeleg sjå Pablo på skjermen – men vi kunne ikkje høyre han. Det var tydeleg at han kunne høyre oss, men etter mykje prøving forsvann ISS under horisonten utan at vi hadde fått stilt spørsmåla våre.

Mange vart naturlegvis skuffa, men medan vi tok gruppebilete fekk vi ein forbløffande god beskjed: Folka frå ARISS (Amateur Radio on the ISS) hadde vore i kontakt med Houston og fått løyve til å prøve éin gong til neste gong ISS kom over horisonten! Det var berre ein dryg time til. Pablo skulle no prøve frå den 25-watts radioen som er i den russiske delen av ISS. Litt over 9 om kvelden fekk vi kontakt og fekk stilt spørsmål i om lag 6-7 minutt til romstasjonen forsvann under horisonten att.

Etter denne spesielle hendinga var eg saman med tyskarane resten av kvelden som demonstrerte ulike digitale modi, mellom anna Winlink-systemet for å sende e-post med HF. Ein kan lett bli fasinert over kva som faktisk er mogleg!

20170819 yota2017 DSC 5110

Full konsentrasjon om digimodi. Foto: LB4IH Trond

 

20170819 yota2017 DSC 5113

Alt er sett opp for mottak av HamTV. Foto: LB4IH Trond

 

20170819 yota2017 DSC 5127

Jakob tek imot vêrdata over kortbølge. Foto: LB4IH Trond

 

20170819 yota2017 DSC 5128

Mykje aktivitet i shacken. Foto: LB4IH Trond

 

DAG 4

No skulle vi ut på tur att og denne gongen var målet Bletchley park - staden der kodeknekkarane sat under den andre verskrigen og dekoda tyske meldingar. Vi fekk sjå og forklart mykje om korleis dei knekte kodene. På museet var det og ein amatørradiostasjon, GB3RS, som nokre av oss benytta oss av.

Om kvelden var eg ein del i shacken og fekk prøvd meg på digimodes, særleg FT8, som er ein ganske ny modus. Vi køyrde på 6-meteren og fekk faktisk to QSOar med USA! Ein merker verkeleg av førehalda kan endre seg raskt.

20170819 yota2017 DSC 5114

Vi fekk fleire kontakter frå GB3RS. Foto: LB4IH Trond

 

20170819 yota2017 DSC 5119

Ei av maskinene brukt til å knekke tyske kodar under andre verdskrig. Foto: LB4IH Trond

 

DAG 5

På torsdag fekk vi velja kva vi ville gjera på dagen. Ein del fór til London og var der på eiga hand. Andre var på tur til eit område der Ofcom, det britiske Nkom, lytta etter forstyrringar på radiobølgene.
Eg og nokre andre hadde bestemet oss for å vera att her. Nokre ville sitja i shacken og køyre radio heile dagen, medan andre, inkludert meg, ville gjera ferdig CW-transceiveren vi hadde byrja på før i veka. Heile dagen sat eg og lodda ulike komponentar saman med om lag 10 andre. Mange av oss vart ferdige i løpet av dagen og kunne prøve ut resultatet av fleire timars arbeid.
Vi var fleire som brukte delar av kvelden til å finne ut av ulike feil vi hadde gjort under bygginga - dårlege loddingar og andre småproblem. Med god hjelp frå erfarne amatørar frå Cambridge fekk vi sett i stand dei fleste transceivarane. No kan eg endeleg få høyrd litt på 17 meter!

Ei anna hending i dag for ein del av oss var eksamen for britisk Foundation License. Dette er ein nybyrjarlisens som var grei å ta for dei fleste av oss så lenge vi hadde lese oss litt opp på engelske lovar og reglar (som er ganske like dei norske). Mange kjem nok til å reise heim med eit nytt kallesignal i lomma.

20170819 yota2017 DSC 0002B

Alt klart for lodding. Foto: LB4IH Trond

 

20170819 yota2017 DSC 0004

Dem ferdige tranceiveren. Foto: LB4IH Trond

 

20170819 yota2017 DSC 0007

Eg fekk feilsøkings- og loddehjelp frå Sør-Afrika. Foto: LB4IH Trond

 

DAG 6

Den siste heile dagen med YOTA hadde vi radiopeileorientering eller ARDF som dei seier her i UK. Her var det sett ut fem poster som sendte på 80 meter og fem som sendte på 2 meter. Kvar post sente ut namnet sitt i morse i 30 sekund og var så stille i to minutt medan dei andre postane sendte. Det var nokså forskjellig å leite på dei forskjellige banda. På 2 meter brukte vi det dei kallar ein "tape measure"-antenne, som altså bokstavleg tala var laga av målebånd i metall. Han viste tydeleg kor signalet kom frå, men ein kunne bli forvirra om signala vart reflekterte frå ein vegg eller liknande.
Då var 80 meter noko enklare. Mottakarane for 80-meter var laga slik at dei mottok signala like sterkt frå foran og bak. Ein trengte ei ekstra antenne, som ein aktiverte med ein knapp, for å veta om posten var i den eine eller andre retninga. Den største fordelen med 80 meter var at signala ikkje vart reflekterte av noko.

Etter nokre timar med småjogging rundt på plassen fekk vi bruke radiostasjonen i nokre timar. Eg brukte mykje tid på å prøve digitale modi, spesielt FT8.
Om kvelden var det klart for avslutning, takketaler og utdeling av ulike prisar og premier. Etter ei veke hadde vi som GB17YOTA over 10 000 QSOar med over 7000 ulike kallesignal. Rekordholdar 2W0WOD hadde åleine 725 QSOar. På VHF var den lengste kontakten til austkysten i USA, på HF har vi hatt kontakt med Christmas Island i nærleiken av Australia! Det er heller ingen fare for at morsekunnskapane går tapt med det fyrste: rundt 20% av QSOane var gjort med CW.

Youngsters on the Air 2017 har vore ei fantastisk oppleving Ein ser verkeleg at amatørradio interesserer folk i alle aldre, av alle kjønn, i alle land. Entusiasmen vi har fått kjenne her tek vi alle med oss heim og sprer ordet: amatørradio er moro!

No takkar eg for meg. Eg takkar NRRL for moglegheiten til å dra og takkar The Radio Society of Great Britain for ei fantastisk veke. Om ein vil sjå meir frå det vi har gjort er nettsidene deira (http://rsgb.org/main/about-us/yota-2017/daily-diaries-2/) tingen.

Håper vi høyrest på lufta!

20170819 yota2017 DSC 0002

Mottakar for readiopeileorientering på 80-metersbåndet. Foto: LB4IH Trond

Bli medlem
Medlemsfordeler
Nettbutikk
Logg inn
Grupper
Interesseområder
Om NRRL
Kontakt oss