Invitasjon til NOTA 2019 i Finland

Den 19.-22. april 2019 blir Nordics on the Air arrangert i Salo i Finland. Dette er eit arrangement for unge radioamatørar i Norden, der ein kan boltre seg i radiorelaterte aktivitetar og bli kjend med andre med same hobby i andre land.

Dette er eit tilbod som passar både for dei som er heilt nye radioamatørar og dei som har drive på litt lenger. I tillegg til radioaktivitetar kjem det til å bli ein interkulturell kveld, sauna og orientering. Det blir mogleg å køyre med kallesignalet OH2YOTA.

Er du interessert? Les meir på www.ham-yota.com/nota og kontakt ungdomskoordinator i NRRL, LB4IH Trond Tynnøl på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. for informasjon og påmelding.

Påmeldingfristen er 24. februar og du må vera medlem av NRRL for å delta. Lisens er ikkje påkrevd. Viss mange melder seg på, kan arrangørane velja å prioritere dei yngste og dei under 26 år.

Bli medlem
Medlemsfordeler
Nettbutikk
Logg inn
Grupper
Interesseområder
Om NRRL
Kontakt oss